Progressiv folk

Progressiv folk var opphavleg ein type USA-amerikansk folkemusikk som baserte seg på ein progressiv politisk agenda, men i Storbritannia vat omgrepet knytt til ein musikalsk undersjanger. Som musikksjanger vert omgrepet nytta om understilen av visesong som kom etter visesongen til Bob Dylan og la til nye komplekse lag av musikk og tekst, ofte med forskjellige etniske innslag.[1]

Viktige artistar innan progressiv folk i USA var Pete Seeger og Woody Guthrie, som påverka musikarar som Bob Dylan og Joan Baez i 1960-åra.

Undersjangrar av progressiv folk igjen er psykedelisk folk, folk baroque og progressiv country. Psykedeliske folk oppstod i USA på 60-talet med band som The Holy Modal Rounders, Kaleidoscope, It's a Beautiful Day og Peanut Butter Conspiracy, og frå desse følgde Byrds, Jefferson Airplane, Grateful Dead og Quicksilver Messenger Service.[2] Britiske og irske psykedeliske folkeband og artistar var Donovan, Incredible String Band, Third Ear Band, Quintessence, Comus, Dando Shaft, Trees, Spyrogyra, Forest og Jan Dukes De Grey.

I Storbritannia oppstod ei gruppe artistar som blanda amerikanske musikkstilar med engelsk folkemusikk og skapte ein særeigen form for fingerstilgitarspeling kalla folk baroque med artistar som Davy Graham, Martin Carthy, Bert Jansch og John Renbourn.[3] I 1970-åra følgde artistar som Nick Drake, Tim Buckley og John Martyn.[4]

Country folk oppstod som ei blanding av progressiv folk og country etter Dylan hadde vitja Nashville for å spele inn Blonde on Blonde i 1966. Artistar som følgde denne retninga vidare var artistar som John Denver og Emmylou Harris.[5]

  1. «Progressive Folk». AllMusic. 
  2. R. Unterberger, Turn! Turn! Turn!: The '60s Folk-rock Revolution (Backbeat, 1985, 2nd edn., 2005), pp. 183-230.
  3. B. Swears, Electric Folk: The Changing Face of English Traditional Music (Oxford University Press, 2005) p. 184-9.
  4. P. Buckley, The Rough Guide to Rock: the definitive guide to more than 1200 artists and bands (Rough Guides, 2003), pp. 145, 211-12, 643-4.
  5. Country Folk, Allmusic, retrieved 28. januar 2011.

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by razib.in